Agnus Dei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Agnus dei)
Gå til: navigering, søk
Noter til ein versjon av Agnus Dei

Agnus Dei (latin, «Guds lam») er ein hymne som inngår som fast del i den katolske messa, nattverdliturgien i Den norske kyrkja og i liturgien i andre kyrkjesamfunn. Uttrykket er henta frå Døyparen Johannes sin omtale av Jesus som Guds lam, omtalt i Evangeliet etter Johannes 1,29.[1]

Teksten skal ha blitt introdusert i liturgien av pave Sergius I (687–701). Han vert sungen eller resitert rett før nattverdmåltidet. Melodien kan variere gjennom kyrkjeåret eller gudstenesteforma.

Hymnen lyder på latin:

Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, dona nobis pacem.

På norsk lyder han:[2]

Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, gjev oss din fred.


[endre] Referansar



Original-Page: Agnus Dei - Wikipedia
 Web-Blaster V2.21 Close Webblaster Floater
The page now displayed was connected to the database of the Assoziations-Blaster (Deutsche Version) through filtering it with the Web-Blaster.

The whole process takes place in real time and no data from other servers is saved anywhere.

In order to see this page without the filter and loaded from its original server, the Webblaster must be turned off.

Turn Off Webblaster