Bertolt Brecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Bertold Brecht i 1948.

Bertolt Brecht (eigentleg Eugen Berthold Friedrich Brecht; (10. februar189814. august1956) var ein av de mest innflytelsesrike tyske dramatikarane og poetane i det 20. hundreåret.

Han vart fødd i Augsburg, og flytta seinare til Berlin, der han fekk sansen for det moderne teater.

Brecht skreiv mellom anna teksten til musikalen «Tolvskillingsoperaen» (Dreigroschenoper). Han utvikla ein ny teaterteknikk kalla episk teater (Episches Theater). I 1933 måtte han rømme landet og byrja ein lang periode i eksil i Danmark, Finland, Storbritannia og tilslutt USA.

Etter krigen flytta han først til Sveits, og søkte om innreiseløyve til Vest-Tyskland, men det vart han nekta på grunn av dei kommunistiske sympatiane hans. Difor drog han til DDR, der han kritiserte regimet etter junioppstanden den 17. juni 1953 med sin «Buckower Elegien». Han arbeidde ved Berliner Ensemble. Hans viktigaste teaterperson var skodespelaren og kona hans Helene Weigel som spelte Mutter Courage. Han døydde i Berlin.

[endre] Framandgjering - Verfremdungseffekten

Brecht skreiv ikkje berre drama, men jobba òg med regissering. Han var ein teatermann, og den fysiske kontakten hans med scena har hatt mykje å seie for oppbygginga i stykka hans. Verfremdungseffekten, noko som nærmar seg Skjlovkijs underleggjeringsprinsipp, er eit virkelmiddel han brukte for å fremme bodskapen i sykka. Stykka hans er såkalla lærestykke med politisk innhald.

Brechts meining var å fremme den politiske bodskapen ved å skape illusjonsbrot. Dersom publikum levde seg inn i personane og lét kjenslene ta over for heilskapen lærte dei ingenting, og difor skapte han ulike utradisjonelle verkemiddel som bryter med konvensjonane vi kjenner frå det klassiske dramaet. Tidsforløpet kunne i stykka kunne strekkje seg over ti år. Slik vart det uråd å ta med anna enn det som var heilt naudsynt. Publikum blir røska ut av illusjonen og bruker tid på å hente seg inn etter eit tidshopp. Som sterkt venstreorientert mann var han òg oppteken av å vise at framsyninga ikkje berre skjer på scena, han hadde opne sceneskift der scenearbeidarane kom inn på scena og endra den framfor auga til tilskodarane. Slik skapte han eit brot samtidig som han viste at òg scenearbeidarar speler ei viktig rolle i framføringa av eit stykke.

Les du eit Brecht-stykke ser du at all handling i komande scene er avslørt før den tar til. Dette er for å trekkje merksemda til lesaren bort frå spaninga over kva som kan kome til å hende. Slik kan han/ho konsentrere seg om bodskapen. På framsyningar blir dette løyst ved at teksten blir vist på store plakatar framfor publikum.

Brechts metode blir ofte kalt episk drama. Dette er ei motseiing, og blir defor eit viktig verkemiddel. Der andre dramatikarar ville vist kampscena på scena føretrekkjer Brecht at ein av aktørane fortel kva som har hendt i ettertid av hendinga. Her skjer det ofte at ulike personar trer inn i rolla si etterkvart som dei blir nemnde og seier sine eigne replikkar som om dette skjer no.

Asides førekjem når ein person vender seg til publikum for å vinne deira gunst. Det er ikkje alle som kan ha asides så dette er eit godt politisk verkemiddel for å vinne sympati. Eit eksempel er i stykkja Moren, der Pelagea Vlassova (mora) skal inn på fabrikkområdet til sonen med ei korg med løpesetlar og må lure seg inn forbi vakta. Ho bruker ironi og satire og håper han ikkje finn løpesetlane.

Brecht tek koret frå det antikke dramaet attende, men her representerer dei ikkje den allmenne meininga. Dei fungerer som rådgjevarar. Dei viser at handling er viktig, og at det er mogeleg å endre verda. Personane syng sjølv òg, men ikkje slik vi umiddelbart tenkjer. Rytmikk og driv var viktig, og songen vart meir talesong. Hensikten var ikkje å få det pent, men å fremme ein bodskap. Viktig var det òg at publikum ikkje fekk sympati med personane. Difor hamnar dei ofte i dumdristige situasjonar når det eigentleg er blodig alvor, slik at vi kan le i satden for å gje dei gudestatus. Det er ikkje personane som er fokuset, det er bodskapen, og dei skal ikkje stele merksemda frå det publikum skal lære.

Hensikten var at publikum skulle ta til seg kunnskapen og bruke den sjølv i livet sitt.

[endre] Nokre verk

  • Baal, 1918/1926
  • Tolvskillingsoperaen (Dreigroschenoper), 1928
  • Mor Godhjerta (Mutter Courage und ihre Kinder), 1939/1941
  • Galileo (Leben des Galilei), 1938/1943
  • Trommer i natten (Trommeln in der Nacht), 1918-20
  • Forretningene til Herr Julius Caesar (Die Geschäfte des Herrn Julius Caesar)
  • Det gode menneske fra Sezuan (Der Gute Mensch von Sezuan), 1940/1943)
  • Den kaukasiske krittringen (Der kaukasische Kreidekreis), (1944-45)
  • Om tidens teater (Schriften zum Theater). Gyldendal, København 1966.

[endre] Litteratur

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bertolt Brecht
Spire Denne artikkelen er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.


Original-Page: Bertolt Brecht - Wikipedia
 Web-Blaster V2.21 Close Webblaster Floater
The page now displayed was connected to the database of the Assoziations-Blaster (Deutsche Version) through filtering it with the Web-Blaster.

The whole process takes place in real time and no data from other servers is saved anywhere.

In order to see this page without the filter and loaded from its original server, the Webblaster must be turned off.

Turn Off Webblaster