Helgemesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Helgemessa markert med levande lys på graver i Polen.

Helgemesse eller alle helgens dag er ei kristen høgtid feira om hausten eller våren. I kyrkjer med helgenar minner ein alle helgenane ein ikkje kjenner namnet på denne dagen. I desse og andre tradisjonar er det også vanleg å minnast vanlege døde. Helgemesse vert i Den norske kyrkja feira første søndagen i november.

[endre] Minnedag

Helgemesse er opphaveleg ein minnedag for alle helgenar. Pave Gregor IV la feiringa av dagen til 1. november.

I Den norske kyrkja er dagen offisielt rekna som ein minnefest for alle dei som er gått føre – helgenar, martyrar og familiemedlemer, ein dag som vert feira for dei som lever.

Der er mange tradisjonar knytta til denne dagen i norske kyrkjer. Det er vanleg å tenne lys på gravene, i nokre kyrkjer ringer dei med klokkene. I mange kyrkjelyder minnest dei som er gått bort siste året denne dagen. I andre kyrkjelyder er denne minnemarkeringa i nyare tid flytta til nyårsaftan.

Det er skrive eigne salmar for Helgemesse, ein typisk helgemessesalme er Brorson sin salme Den store, kvite flokk, å sjå, nr 245 i Norsk Salmebok.

[endre] Dato

Tradisjonelt har 1. november vore dagen for Helgemesse, og i katolske og anglikanske tradisjonar er det vanleg å feira dagen fast denne datoen. I Den ortodokse kyrkja feirer ein allehelgensdag første søndag etter pinse.

Etter Kristian den femtes norske lov var Alle Helgens Dag heilagdag. Etter Festdagsreduksjonen i 1770 vart feiringa av dagen i Danmark og Noreg flytta til første søndagen i november. I Sverige er Alla helgons dag laurdagen før første søndagen i november.



Original-Page: Helgemesse - Wikipedia
 Web-Blaster V2.21 Close Webblaster Floater
The page now displayed was connected to the database of the Assoziations-Blaster (Deutsche Version) through filtering it with the Web-Blaster.

The whole process takes place in real time and no data from other servers is saved anywhere.

In order to see this page without the filter and loaded from its original server, the Webblaster must be turned off.

Turn Off Webblaster