Johannes Brahms
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Brahms (7. mai1833–3. april1897) var ein tysk romantisk komponist som var fødd i Hamburg, men hovudsakleg budde i Wien. Mange såg på Brahms som ein etterfylgjar etter Beethoven, mellom anna fekk den første symfonien hans kallenamnet «Beethoven sin tiande symfoni».
Innhaldsliste |
[endre] Liv
[endre] Brahms som born og ungdom
Å bli kjend med Brahms er ein vanskeleg oppgåve. For det fyrste ynskte han sjølv å avgrense kva framtida skulle få vita om han. Difor brende han dei fleste breva han skreiv. Vidare var han, eller ynskte å presentera seg sjølv, som ein mann av kontrastar. Han komponerte både alvorstynga, germansk musikk, men og lett og fengjande dansemusikk. Han var venleg og generøs mot småkårsfolk, men kjend for å vera vrang og upåliteleg i aristokratiet sine krinsar. Han var svært glad i born, men hadde heile livet store vanskar med å forholda seg til kvinner.
Johannes Brahms blei fødd den 7. mai 1833, inn i ein fattig familie i Hamburg. Faren var Johann Jakob Brahms, ein middelmåtig multi-instrumentalist. Brahms byrja med timar i musikk då han var fire, og i åtteårsalderen viste det seg at han hadde stort potensiale som pianist. Då han var 12 år, bestemte far til Johannes at han skulle vera med å spe på pengane til familien ved å vera pianist på Hamburg sine bordell, samtidig som at han studerte musikk på dagtid. Ein Brahms-biograf skreiv:
- Johannes var omkrinsa av stanken av øl, skitne sjømenn og dårleg mat, klangen av grov latter, fyll og ravande obskønitet. Han måtte akkompagnere vulgære songar, og sjå på fulle seglarar klå på halvnakne songjenter, og blei nokre gonger tvungen til å deltaka sjølv. Mellom dansane sette jentene den førpubertale gutungen på fanget sitt og tømte øl over han, drog ned buksene på han og senda han rundt for å bli leika med, til rungande latter. Verre behandling kan ha kome frå seglarane, då Johannes var liten og ven som ei jente.
Brahms sa sjølv seinare at han likte born fordi han aldri hadde vore eit sjølv, og sett opp i mot denne bakgrunnen er det mogleges meir forståeleg at han hadde problem med å ha meiningsfylte forhold med kvinner seinare i livet. Brahms såg på kvinneleg seksualitet som eit trugsmål. Seinare i livet likte han å seie "eg hev inkje gjort gift kvinne eller ungmøy ulukkeleg", og hevda at ungdomsåra var karakterbyggjande. Forutan det problematiske forholdet til kvinner, var Brahms heile livet ein knallhard realist, utan illusjonar om korkje seg sjølv, menneska rundt seg eller eigen musikk. Då han var 14 måtte han slutta med bordelljobbane, då den stressande livstilen gjekk ut over helsa hans. Han byrja i staden å gjeva pianotimar.
For å gjera vondt verre, var familielivet til familien Brahms særs problematisk på denne tida; Ein mor og far til Johannes krangla konstant (og skilde seg til slutt), ei syster som var sjuk mykje av tida, og ein bror som på den tida verka som var den som kom til å koma nokon stad i den musikalske verda. Men det skulle snart endra seg.
I 1848 braut det på ny ut revolusjon i Paris, og opprørarar tok til våpen mange stadar i Europa. Medan alle desse opprøra blei brutalt nedkjempa til slutt, skapa revolusjonane ein straum med flyktningar. Medan Hamburg ikkje var direkte involvert, blei byen merka av ein straum med flyktningar frå Ungarn, som tok med seg sin eigen folkemusikk, ein urbanisert versjon av sigøynarane sine folkedansar.
Ein av flyktningane var den jødiske fiolinisten Eduard Rimenyi. Brahms blei etter kvart kjend med han, og då dei var 20 (1852), bestemte dei seg for å reisa på turne saman, i håp om å skaffa seg kontaktar i det tyske musikklivet. På denne reisa blei han mellom anna kjend med Franz Liszt, som han mislikte sterkt. I Hannover fekk han moglegheita for å spela for kong Georg V av Hannover. Kongen gav han glitrande kritikkar, men Johannes og Eduard blei kasta på dør etter at det viste seg ay Rimenyi hadde fortid som Ungarsk revolusjonær. Etter dette knakk resten av turneplanane saman, men den kjende fiolinisten Joseph Joachim, som Brahms hadde treft tidlegare i Leipzig, var ven av Robert og Clara Schumann, og fekk Brahms til å reisa til Düsseldorf for å treffa dei. Robert og Clara blei overveldande imponerte av musikken til Brahms, og Robert skreiv ein artikkel om Brahms der han hylla han som ein «Messias» for tysk musikk (utan at det eigentleg imponerte så mange; trass i at han var ein glimrande komponist, hadde Robert rykte på seg for å væra ein dårleg dømmar av musikalsk potensiale). Robert fekk og Johannes til å bli værande med dei i over eit halvt år. Når Brahms kom heim til Hamburg i 1853, kom han attende som eit av dei store håpa i tysk musikk.
[endre] Brahms og Clara Schumann
I februar, 1854, blei Robert Schumann innlagt på ein mentalinstitusjon. Brahms reiste då attende til Düsseldorf for å hjelpa Clara, som var gravid, og hadde fleire born å ta vare på ved sidan av konsertane sine. Planen var at han skulle bli til ungen var fødd, og Robert blei frisk. Med få unntak blei han i to år, til Robert døydde. På denne tida blei Brahms forelska i den 17 år eldre Clara. Sidan han hadde sett ho som dedikert mor, hustru og komponist, så sleppte ho unna det misogyne synet Brahms elles hadde. Mykje tydar på at Clara følte det same attende, men situasjonen sette andre krav til dei; kva hug som eksisterte mellom dei var platonisk ut livet deira. Etter denne mentale påkjenninga tok Brahms Joachim sitt livsmotto «einsam men fri» som sitt eige. Men trass i at Brahms ville bli forelska i andre seinare (til dømes ei av døtrene til Clara) var dei vener livet ut.
Dei neste åra var prega av mykje reising for Brahms. Han blei sjeldan på ein plass særleg lengje. Mykje tydar på at han hadde problem med å forplikta seg til noko arbeid som hindra han i å nytta tida si til å komponera. Han slo i 1859 seg ned i ein periode i Hamburg, som musikalsk leiar for eit større damekor. Her blei han kjend med den rike vokalmusikken frå renessansen og barokken. Det er i denne perioden at Brahms byrja å produsere dei modne verka sine. Blant dei viktigaste av desse er Variasjonar og fuge over eit tema av Händel.
I 1862 reiste han til Wien, med hensikt å slå seg ned i byen der storparten av dei musikalske heltane hans hadde budd. To år seinare måtte han likevel reise attende til Hamburg, då faren Johann Jakob reiste frå familien, og let Brahms forsørgja mora og den sjuke systera si. Ein kan mogleges få eit innblikk i korleis familielivet må ha våre når ein observerar at Brahms var ven med far sin etter brotet, sjølv då han tok seg ei ny hustru.
I 1865 døydde mora Christiane Brahms, 67 år gamal, reiste Brahms nok ein gong attende til Hamburg. I denne anledninga skreiv Brahms Ein Deutches Reuqiem (Eit tysk rekviem). Verket har ikkje noko direkte knyting til den katolske messa for dei daude, men var tekstar frå den lutherske bibelen, og dei apokryfe skriftene, sett saman slik Brahms meinte det passa. Det er det lengste verket Brahms nokon gong skreiv, og det som krev flest musikarar.
[endre] Den vaksne Brahms
Det var etter dette at Brahms mogna ordentleg som komponist. Han hadde no base i Wien, og tente det meste av pengane sine som ein turnerande pianist, eit yrke han i typisk stil påstod han hata, men eigentleg var særs nøgd med. I 1868 kom eit av dei store gjennombrota i karrieren hans, då Ein Deutches Requiem blei sett opp i katedralen i Bremen. Det er sagt at folk gret då dei høyrde det, og denne førestillinga skulle leggja grunnlaget for Brahms sitt rykte. Mange meinte no at Brahms viste at Roberth Schumann hadde rett når han kalla han ein musikalsk Messias. I 1872 fekk Brahms stillinga som musikalsk leiar for «Sameininga for musikkvenar» i Wien, ein av dei mest prestisjetunge postane ein kunne finna i byen. Han ville vera i denne stillinga dei neste tre åra.
Trass i at han no hadde tilgang på ein av dei største og beste orkestera ein kunne oppdriva, skreiv enno Brahms for det meste småskalaverk. Han var ekstremt sjølvkritisk, og var skremd av tanken av å skrive store orkesterverk som ville bli samanlikna med dei gamle meistrane. Spesielt skremmande var tanken på symfonien, som ville bli samanlikna med Beethoven, dåtida sitt musikalske ideal.
Blant dei mest profilerte verka han skreiv i denne perioden finn ein 50 lieder eller songar, for vokal og piano. Den mest kjende av desse er op. 49, ein voggesong som ein nok må seia er enno meir kjend enn komponisten av han er. Andre viktige verk er Variasjonar på eit tema av Haydn (i ettertid har det vist seg at temaet ikkje var skrive av Haydn), og dei fyrste strykekvartettane han gav ut, Op. 51. Desse er eit godt eksempel på kor sjølvkritisk Brahms kunne vera; han hevdar å ha øydelagt over 20 skisser for strykekvartettar før han til slutt gav ut desse. Brahms hadde mogleges spesielt god grunn til å ta seg i akt, strykekvartetten var i det store og heile rekna for å vera ein daud form. Strykekvartettane til Brahms var ein viktig grunn til at genren blei gjenoppliva, og at renessansen han fekk sjå komponistar som Arnold Schönberg, Alban Berg og Bela Bartok på 1900-talet.
Fyrst i 1861, etter å ha arbeidd med den fyrste symfonien sin i 20 år, tordest Brahm å få han framførd. Mottagelsen var fyrst kjølig, men han har seinare vorte ein del av det symfoniske standardrepertoaret, og kreditert for å starta ein ny symfonisk gullalder. Symfonien blei av mange kalla «Beethoven sin tiande», både som kompliment og fornærming. Den neste symfonien tok berre eitt år å skriva. Dei neste åra laga Brahms ein rekkje av meisterverk, til dømes fiolinkonserten i D op. 77, to rapsodi for piano op. 79 og pianokonsert nr. 2 op. 83. På dette tidspunktet var Brahms ein vidgjeten og rik mann, og kunne, trass i sin vanskelege personlegdom, vera særs hjelpsam mot dei han meinte hadde gjort seg fortent til det. Til dømes gav han både finansierings- og publikasjonshjelp til ein ukjend komponist ved namn Antonín Dvořák. Dei to var vener resten av livet. Brahms gav ut to symfoniar til, nr. 3 i 1883, og nr. 4 i 1885.
[endre] Dei siste åra
I løpet av slutten av 1880-talet blei Brahms klar over si eiga dødelegheit. Han var no ein gamal mann, og sidan han i heile sitt liv hadde heldt seg med ein omgangskrins eldre enn seg sjølv byrja han i denne tida å måtte ta farvel med mange gamle venar. Sannsynlegvis i eit forsøk på å manipulera framtida sitt syn på ham kravde han at folk skulle levera attende breva han hadde sendt dei opp gjennom åra, så dei kunne destruerast.
I denne perioden var Clara Schumann svært dårleg, hadde fått høyrsla si øydelagt og senebetennelse som gjorde det umogleg for ho å spela piano. Forholdet til Clara og Johannes er unikt i musikkhistoria. Sjølv om Clara på sine eldre dagar hevda at ho ikkje kjende Brahms meir enn ho hadde gjort då dei fyrst møttest, så heldt dei nær kontakt med kvarandre, og har med stort sannsyn næra intime følingar for kvarandre gjennom mange år. Det forferda difor Brahms då han fekk høyre at Clara hadde døydd av ein slag i 1896. Frå seg av sorg var han ute av stand til å deltaka i gravferda hennar. Det er sagt at han gøymte seg bak ein blomekrans og gret ukontrollert. Etter ho døydde, skreiv han sitt opus 121, Fire alvorlege songar, før han la frå seg pennen for godt. Kort tid etter gravferda viste det seg at Johannes hadde leverkreft. Han døydde den 3. april 1897, 63 år gamal.
[endre] Stil og musikksyn
Som komponist var Brahms konservativ, men ikkje reaksjonær. Dei store førebileta var dei historiske tyske komponistane: Händel, Bach, Haydn, Mozart, Beethoven og Schubert. Vidare hadde venane Robert og Clara Schumann stor innverknad på musikken han skreiv, samt den ungarske fiolinisten Eduard Rimenyi, som introduserte Brahms for folkemusikken til sigøynarane.
Brahms komponerte seint og under sterk sjølvkritikk. Brahms brende all musikk han meinte ikkje var god nok til å bli hugsa. Samtidig var han særs kritisk til om musikken han skreiv stod opp til samanlikningar med musikken til dei gamle meistrane. Musikken til Brahms er ofte, som han sjølv, ambivalent. Mange av dei beste verka han skreiv er svært dystre, men sjølv dei mest alvorssame verka blir gjevne liv av den lyriske varmen i tema hans og sansen Brahms hadde for musikalsk drama.
[endre] Brahms, Wagner og Hanslick
Brahms er gjerne sett opp mot Wagner som frontkjempar i romantikarane sin krig, der Brahms var den leiande komponisten for den konservative blokka som skreiv absolutt musikk. Dette var ein debatt Brahms sjølv ikkje var så interessert i, og ein kan seia at Brahms blei misbrukt av Eduard Hanslick, den fremste talsmannen for den absolutte musikken.
Forholdet mellom Brahms og Wagner personleg var ein annan sak. Wagner, som var 20 år endre enn Brahms, hadde prisa han då dei møttes etter ein av Brahms sine konsertar. Wagner skal ha sagt at «det er mykje liv i dei gamle formane, for dei som kan gjera seg nytte av dei.» Seinare i livet såg Wagner på Brahms som ein naturleg rival, då dei var dei to mest profilerte komponistane i den germanske verda på slutten av 1800-talet.
Brahms hadde eit meir ambivalent forhold til Wagner. I utgangspunktet fann han mykje å like i musikken til Wagner; han skal ein gong ha sagt at «Wagner er den beste av wagnerianarane». Han meinte at ein slik krigføring var fåfengd, sidan han og Wagner ikkje ein gong jobba innanfor dei same genrane. Han prøvde difor å halde seg utanfor diskusjonen, og let heller venner og kollegaer skrive for han, spesielt Clara Schumann som sterkt mislikte Wagner. Då Brahms under ei øving i 1885 fekk beskjed om at Wagner var daud, la han ned taktstokken og sa: «I dag syng vi ikkje meir. Ein meister er daud.»
Men om Brahms ikkje hadde so mykje imot komponisten Wagner, så hata han helgen-kulten som samla seg rundt han, Wagner sin egoisme og ekstravagante livsstil. Det han absolutt likte minst med Wagner var det antisemittistiske tankegodset han forfekta. Mange av dei beste venane til Brahms, til dømes Joseph Joachim, var jødiske, og det seier mykje om Brahms at han ikkje tolererte antisemittiske kommentarar når han var i nærleiken, sjølv i ei tid då dette tankegodset i stor grad vann fram i heile samfunnet.
[endre] Verk
- Klaverkonsert nr. 1 i d-moll opus 15 (1859),
- Ein deutsches Requiem opus 45 (1869)
Høyr (fil) - Symfoni nr 1 i c-moll opus 69 (1877),
- Symfoni nr. 2 i D-dur opus 73 (1877),
- Fiolinkonsert opus 77 (1879),
- Akademisk festouverture opus 80 (1880),
- Tragisk ouverture opus 81 (1881),
- Klaverkonsert nr. 2 i B-dur opus 83 (1881),
- Symfoni nr 3 i F-dur opus 90 (1883),
- Symfoni nr 4 i e-moll opus 98 (1885),
- 2 serenadar, Dobbeltkoncerten i a-mol opus 102 (1887),
- Klarinetkvintett i h-moll opus 115 (1891),
- Tre intermezzoar opus 117 (1892),
- Variasjonar over eit tema av Haydn «St. Antoni-koralen» opus 35,
- Variasjonar over eit tema av Robert Schumann opus 23,
- Variasjonar og fuge over eit tema av Händel opus 24,
|
|
|
||||
| Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. | |||||
- 21 ungarske dansar
- 3 klaversonater: Händelvariasjonar og Paganinivariasjonar, Rinaldo, Schicksalslied, Altrapsodi, Die schöne Magelone, Vier ernste Gesänge, Liebeslieder opus 52 ( 1862) m.m.
Det mest kjende verket til Brahms er voggevisa op. 49 nr. 4, eit verk nesten alle har høyrt utan å vita kven som har skrive det.
[endre] Bakgrunnsstoff
