Latin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Dennesidafinstògpåhøgnorsk— sjå«Hn/Latin».
Latin
(Lingua Latina)
Klassifisering: Indo-europeisk
Italisk
Latin
Bruk
Tala i: Romarriket
Område: Romarriket
Latintalande i alt: Utdøydd
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Vatikanet
Normert av: ingen
Språkkodar
ISO639-1: lat
ISO639-2: lat
ISO639-3: lat

Latin høyrer til den italiske greini av indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områdi kring Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

[endre] Trekk ved språket

Latin er eit syntetisk språk, dvs. at bøyingsendingar syner kva funksjon eit ord har i setningi, medan ordstillingi er rimeleg fri. Substantiv vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og fleirtal) og kasus (nominativ, vokativ, akkusativ, genitiv, dativ og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kjønn, tal og kasus med substantivi dei står til. Verbi vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og fleirtal. I motsetnad til norsk, som berre har to finitte tempi, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

[endre] Latin som talemål

Den latinen som vart tala i Romarriket blir kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet Cicero, Cæsar og andre forfattarar skreiv. Med tidi oppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske språki. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske språk var for provencalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklingi, fortsette dei lærde å nytta latin i skrift og tale. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måli, og samsvarte ikkje med klassisk latin.

[endre] Bakgrunnsstoff

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.


På andre språk


Original-Page: Latin - Wikipedia
 Web-Blaster V2.21 Close Webblaster Floater
The page now displayed was connected to the database of the Assoziations-Blaster (Deutsche Version) through filtering it with the Web-Blaster.

The whole process takes place in real time and no data from other servers is saved anywhere.

In order to see this page without the filter and loaded from its original server, the Webblaster must be turned off.

Turn Off Webblaster